Om Solnut IL
Historie:
Idrettslaget Solnut vart skipa i 1937, og er i dag ein av dei største frivillige orgsnisasjonane i Ullensvang Herad. Laget hadde i 2014 omlag 220 medlemar.
Aktiviteter:
IL Solnut er delt inn i grupper som har kvar sine aktiviteter:
Fotballgruppe, tur & aktivitetsruppe og foredrelaget.
Medlemskap:
Alle som deltek i aktiviteter organisert av IL Solnut må væra medlemmer i laget og betala kontigent. Kontigent er som følgjer:
Familiemedlemskap: Kr 500,-
Vaksne: Kr 300,-
Born <16 år: Kr 200,-
Støttemedlem: Kr 100,-
Innbetalingsblankettar og info vert lagd i postkassane i april-mai. Dersom du har lyst til å væra medlem, men ikkje har fått blankett for innbetaling, ta kontakt med, eller send ein e-post til laget så ordnar vi dette. Takk for støtta
!
Fasiliteter:
Il Solnut disponerer Skotamyra idretssbane som hausten 2009 vart fullrenovert og oppgradert til kunstgrasbane.
Tennisbane:
På sida av fotballbanen finnes også ein asfaltert tennisbane.
Garderobe/dusjar/klubblokale:
I tilknytning til fotballbanen finnes også garderobeanlegg med dusjar og badstue, samt eit lite klubblokale / møterom.
Klubblokalet kan leigast for "ein symbolsk sum" av alle lag og organisasjonar, og passer godt til møter og aktiviteter med -+30 personar.
Kontaktperson for leige av lokalet er nestleiar av hovudstyret, som i 2016 er Randi Kråkevik, 98 43 90 54.
E-Post til laget:
post@ilsolnut.com
Nyeste kommentarer
04.06 | 20:31
Greetings...I would like to participate, but I would like to ask, if we start a...
23.03 | 14:28
Blir det skredløp i 2022?
20.08 | 07:40
Hei! Vi lyst å leie klubbhuset til Milana sin bursdag på 28.08. Mhv Felix
10.03 | 11:32
Hei. Vil gjerne prøve meg, men når er det i år?