Hauso 2 mai 2015
Setehaug opp
Laurdag 6. September
10:30
Sjå vedlagt plakt
Hauso, 3. mai 2014
Då er det på tide å gjere seg klar for det brattaste terrengsykkelløpet i Ullensvang vest!
Mål og start ved Hauso skule som ligg langs fv 550 (mellom Utne og Nå) (50 moh). Det er to konkurranseløyper, ei på 23 km og ei på 8 km. Det er også ein trimklasse der deltakarane kan sykle så langt dei vil.
Høgaste punktet på den lengste ruta ligg på 300 moh, men det er mange med- og motbakkar på vegen. Største delen av løypa går på skogsveg med underlag av grus (litt jord og gras innimellom), men det er også korte etappar på asfalt. 8 km-løypa er del av den lange ruta. Høgste punkt på denne løypa er om lag 200 moh.
I år vil me også invitere bedriftslag til å delta. Då er det gjennomsnittstida for laget som gjeld. Det må vere minimum tre personar på bedriftslaget, men det er ikkje noko tak på talet medlemmer på laget.
Det vert pengepremiar til dei tre beste i konkurranseklassane. Det vert også andre premiar, og til slutt vert det trekt pengepremie på startnummer.
Start:
11:00 Påmelding
11:30 Start trimklasse
13:00 Start konkurranseklassar
Kontingent:
Trimklasse 100,- (familie 250,-)
Konkurranse, 23 km 300,-
Konkurranse, 8 km 200,-
Arrangør
Grimo idrettslag
5777 Grimo
Ta kontakt om de ynskjer meir informasjon:
Gunnhild Jaastad: 95902678 gunnhild.jaastad@kinsarvik.net
Jarle Haustveit: 92830353 jhaustv@online.no
Sjur Ove Svartveit: 90848850 sjur.ove@svartveit.no
Knut B. Hauso: 99263254 kn-haus@online.no
Nyeste kommentarer
04.06 | 20:31
Greetings...I would like to participate, but I would like to ask, if we start a...
23.03 | 14:28
Blir det skredløp i 2022?
20.08 | 07:40
Hei! Vi lyst å leie klubbhuset til Milana sin bursdag på 28.08. Mhv Felix
10.03 | 11:32
Hei. Vil gjerne prøve meg, men når er det i år?