SKREDLØPET


Litt historie om Skredløpet:

Skredløpet gjekk av stabelen for første gong i 2007 og vart umiddelbart ein suksess med omlag 230 deltakarar. I 2008 var antallet steget til omlag 270,og i 2014 til omlag 370.

Løpet startar ved skredmuren på Aga og går i godt merka løype i naturen, forbi Svartetjødn, Rogdatjødn og Rogdo, før ein svingar opp og passerer skredløpa på sørsida av Rogdo. Vidare går løypa i naturskjønne omgjevnadar opp til Kvestadstølane, Måkestadstølane og Herseter. Når ein nærmer seg dette området, er utsikta overveldane. Dette er også det høgste punktet i løypa, og herfrå er det stort sett unnabakke ned til mål på Reisæter. Heile løypa er ca. 8,5 km lang og passar for alle som likar å gå i naturen.

Skredløpet er no delt inn i to konkurranseklassar og ein turklasse:

* Kortbeintløpet: Eit løp med start på Rogdo fordelt på tre klassar for både gutar og jenter: 7-9 år, 10-12 år og 13-15 år. Dette er ca 5 km langt. Her får alle deltakarpremie.

* Skredløpet: Delt inn i 6 klasser i alderen 16-60+, mann og dame. Her premierast sjølvsagt beste mann og kvinne , og vinnarane i kvar klasse.

* Turklassen: For dei som ikkje bryr seg om å koma fortast mogleg til mål, men nytta den tida dei vil, for å nyta naturen. Det er natursti undervegs for dei minste, og servering både på Rogdo og Reiseter. Her kan nevnast nysteikte vafler, kaffi og saft. I denne klassen vert det trekt ut deltakarpremiar, ein premie for kvar tiande startande.

Vis alle artikler