Litt historie om Skredløpet:
Skredløpet gjekk av stabelen for første gong i 2007 og vart
umiddelbart ein suksess med omlag 230 deltakarar. I 2008 var antallet
steget til omlag 270,og i 2014 til omlag 370.
Løpet startar ved
skredmuren på Aga og går i godt merka løype i naturen, forbi
Svartetjødn, Rogdatjødn og Rogdo, før ein svingar opp og passerer
skredløpa på sørsida av Rogdo. Vidare går løypa i naturskjønne
omgjevnadar opp til Kvestadstølane, Måkestadstølane og Herseter. Når ein nærmer seg dette området,
er utsikta overveldane. Dette er også det høgste punktet i løypa, og
herfrå er det stort sett unnabakke ned til mål på Reisæter. Heile løypa
er ca. 8,5 km lang og passar for alle som likar å gå i naturen.
Skredløpet er no delt inn i to konkurranseklassar og ein turklasse:
*
Kortbeintløpet: Eit løp med start på Rogdo fordelt på tre klassar for
både gutar og jenter: 7-9 år, 10-12 år og 13-15 år. Dette er ca 5 km
langt. Her får alle deltakarpremie.
* Skredløpet: Delt inn i 6
klasser i alderen 16-60+, mann og dame. Her premierast
sjølvsagt beste mann og kvinne
, og vinnarane i kvar
klasse.
* Turklassen: For dei som ikkje bryr seg om å
koma fortast mogleg til mål, men nytta den tida dei vil, for å nyta
naturen. Det er natursti undervegs for dei minste, og servering både på
Rogdo og Reiseter. Her kan nevnast nysteikte vafler, kaffi og saft. I
denne klassen vert det trekt ut deltakarpremiar, ein premie for kvar
tiande startande.
GOD TUR 🙂!