Skredløpet 2013 vært arrangert 15 Juni 2013. Hugs å sette av denne datoen🙂
Skredløypa (tur nr 4 i solnut turkart)
Turlengde 8,6 Km. Middels. Spaserar du er normal tidsforbruk
2,5 til 3 timar.
For aktive løparar er løype rekorden på under 45, minutt.
Skredløypa går frå
skredvollen på Aga, ca 150moh, gjennom landskapet som i 1870 åra inspirerte sjølvaste Edvard Grieg, til skred muren på Reiseter, tunet som Tidemand og Gude måla Folgefonna frå 1843.
Frå Aga går turen først på traktorveg, så på grov sti gjennom ei av Nordens største moreneurer, gjennom lauv og barskog, forbi tjødn og småbekkar. Vidare på skogsveg, gjennom
klyngetunet Rogdo, ca 300 moh- sti og skogsveg, over myr og støls område til vakre Riseter- Streif staden kåra av Torleif Scheldrup til den finaste staden i Noreg
Turen er godt
merka og har ein stigning på ca. 350 meter, og nokre våte og glatte parti.
Det er denne traseen som vert nytta for det årlege Skredløpet, for familie vennleg tur, mosjon
og konkurranse.
Løypa passerar 6 skredløp. Bruhaug og Grindanes er dei mest kjende.
Under skredløpet vert det
parkering på idrettsbanen på Aga og buss transport opp til start på Nyeslotten.
Det vært og buss frå Reiseter attende til parkering på Aga.
God Tur!
Under Skredløpet 15. juni 2013 arrangerar IL Solnut lags meisterskap for alle Solnut medlemmer.
Klassar/løyper:
15-19 år og Senior (menn, kvinner).
Løype: Aga/Nyeslåtten – Reiseter.
Gutar og jenter:
7-9 år, 10-12 år og 13-15 år.
Løype: Rogdo – Reiseter.
IL Solnut garanterar:
Gode premiar som overrekkast lagsvinnarane på Marknaden (i november).
Krevjande
løyper – det krev treningsinnsats frå no!