UT PÅ TUR.
I år er ”månadssturane” endra til 5 turar som er tilgjengeleg heile sesongen.
Kassane
er hengt ut , og henger oppe ut september.
Tur 1: Tveite –skytebanen – Tveite.
Turen startar ved å ta opp ved Sagatun,
fortsett ca. 200 meter oppover mot Nyeslåtten og ta til høgre oppover mot Agastølen. Etter grindene på Tveite deler stien seg, ta til høgre og gå utover mot Nordtveite og ned til skytebanen.
Turen
er merka som nr.3 , på Solnut sitt turkart.
Tur 2: Krumheller
Turen startar ved å gå oppover mot Kvestadstølen,
midt i den siste 180 graders svingen før du kommer opp til toppen av stølen går det ein veg utover.
Følg så denne til du kommer til ein bakketopp, der i frå er det merka med blått
opp til Krumheller som ligger under Gråsteinsnuten.
Denne turen er ikkje merka på Solnut sitt turkart, anna enn med navn.
Tur
3: Håedal
Tur som går i frå Reiseter.
Følg grusvegen innover mot Skrelet, som går forbi det øvsta huset i tunet.
Inne i Skrelet deler vegen seg, ta så til venstre og følg traktorvegen opp mot inntaksdammen for Strutelvi kraftstasjon.
I svingen før du kommer opp til dammen, går
du rett fram og følger stien til Håedal.
Turen er merka som nr.10, på Solnut sitt turkart.
Tur 4: Skredløpet.
Turen startar på Nyeslåtten via ura inn mot Rogdatjørn, Rogdo, Kvestadstølen, Haugane, Hersete, Skrelet og endar på Reiseter.
Turen er merka som nr. 4, på
Solnut sitt turkart.
Tur 5: Gråsteinsnuten
Tur som går i frå Reiseter via Reiseteregget
Pga
mykje snø oppe på fjellet er ikkje denne turen merka ennå.
Men det henger postkasse på ei av hyttene på nuten.
Meir info kommer på nettsida
når turen er merkt.
Dei som har gått 3 eller fleire av desse turane er med i trekkning av premiar.
Turgruppa.